Oppskrift på mine øldampa skjell

Etter mange gode tilbakemelding på mine øldampa blåskjell både frå bryllupet i Lofoten og utdrikkingslaget i Bergen, tenkte eg det var rett og rimelig med ei oppskrift:)

Øldampa blåskjell 

2 kg blåskjell

0,33 l øl (eg bruker helst noko lokalt, ein ale, bayer eller pilsner funker alltid men ein IPA t.d. vil vere litt meir sprelskt)

1 raudløk

1 gulrot

1 selleristang (evt 1/2 om den er stor)

1 raud chilli

2 fedd kvitløk

6-8 tomater, avhengig av størrelse, godt modne

 

Blåskjella må vaskast og sjekkast. Dei som er knuste og evt nokre som ikkje lukkar seg når du knip på dei, skal du kaste.

Alle grønsakene utanom tomaten kan du hakke så fint du bare klarer og blande dei saman. Tomatane kan du kutte grovare, dei vil koke sund uansett.

Du begynner med å svisse dei finhakka grønnsakene i ein vid kjele med litt nøytral olje (raps, solsikke t.d.). Så tilset du blåskjella og rører godt utan å knuse skjella. når du har blanda alt godt tilset du øl og tomat.

Så skal det kose seg under lokk, på middels varme, i ca 10 min. Du bør røre forsiktig eit par gongar undervegs for å flytte på skjella. Dei som ligg i botnen vil nemleg bli ferdig ei lita stund før dei som ligg i midten og over. Om du då løfter litt rundt på dei vil ikkje nokre bli «overkokt» medan dei ventar på dei andre:)

Så er det bare å nyte, velbekomme!

2 Comments Add yours

  1. Kristina seier:

    Tusen takk for at du ville lage mat til oss på utdrikningslaget vårt. Det var skikkelig luksus å komme hjem til et fantastisk måltid etter en lang dag på farten! Vi var alle enige om at kvelden hadde ikke vært den samme uten deg. Jeg vil anbefale alle å ta kontakt med deg dersom man trenger en engasjert og flink kokk!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s