Middagsselskap @Stene Matglede Restaurant Day 15.02.15

2014-08-30 19.32.40

I anledning Restaurant Day 15. februar i Bergen vil eg invitere til Middagsselskap. Eg har hatt eit par slike tidlegare, men så har mattilsynet sleie fast at slike Supperclubs ikkje kan vere lov i Norge, utan eit godkjent kjøkken. No har eg altså funne eit slags smutthull 🙂

Fire gongar i året kan kven som helst starte ein restaurant for ein dag. Konseptet starta i Helsinki i 2011 og har endelig komt til Bergen! Les meir om det internasjonale «matkarnevalet» på http://www.restaurantday.org/en/info/about/

Dermed blir det atter Middagsselskap søndag 15. februar, og du er hjertelig velkommen!

Bordet blir dekt på til ti personer igjen og denne gangen blir det ein skikkelig søndagsmiddag, noko eg som utvandra sunnmøring tek meg i å savne. Påmeldingsfrist er innan 7. februar, så vil menyen bli sendt ut i løpet av søndagen til dei som har fått bekrefta stolreservasjon. Prisen vert på 250 kr pr person og påmelding sendast til a-li-ste@online.no. Gi gjerne beskjed om eventuelle allergiar e.l.

Supper club er eit konsept som er nokså ukjent for oss her oppe i nord, men det er ganske utbreidt rundt om i Europa, spesielt i Storbritannia. Eg kallar det enkelt og greit for eit Middagsselskap og vil invitere både kjente og ukjente til ein sosial kveld med god mat og godt selskap. Eg har plass til 10 personer rundt bordet, og menyen vil bli sendt ut litt tid i forvegen slik at ein har tid til å sjølve handle inn passande drikke. Menyen vil bli satt saman av lokale råvarer så langt det er mulig, og ting blir laga frå grunnen av. Om du vil vere med, så send meg ein e-post for å reservere stol.

Eventuelle spørsmål kan luftast i kommentarfeltet eller i ein e-post til a-li-ste@online.no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s