Sanking 2015

FB_IMG_1438339347850 FB_IMG_1438339353991 FB_IMG_1438339359163 IMG_20140531_135647 IMG_20150430_181842 IMG_20150430_193600 IMG_20150610_191828 IMG_20150620_231207 IMG_20150620_231350 IMG_20150621_222621 IMG_20150718_173827IMG_20150728_195747 DSC_0926

IMG_20150724_202116  DSC_0792 IMG_20150729_213236IMG_20150730_200020 IMG_20150720_173215 IMG_20150813_115745  IMG_20150813_115842 (1)  IMG_20150813_120025IMG_20150813_115812

I år har eg vore skikkelig flink til å eksperimentere med våre naturlege ville vekster! Vi lev jo i eit matfat, både til lands og til vanns, som vi dessverre som regel ikkje forsyner oss noko særleg av .

Som kokk (og sunnmøring;-)) syns eg det er genialt med all denne gratis maten som ein kan forsyne seg av rundt omking, også i byane om ein veit kva det er snakk om og vil leite litt. Dermed har fritida mi på våren og sommeren gått med til mykje turar ute i friluft, på jakt etter råvarer som eg gjerne aldri har jobba med før. Det har heldigvis også vorte mulighet for ein del fisking, noko eg har elska sidan eg var lita jente. Dermed har denne ganske våte og kjølige sommeren vorte brukt til noko fornuftig!

Det har vore litt som å gå tilbake til barndomen, då vi traska rundt og plukka surblad og rabarbra som godteri, sugde i oss nektaren frå raudkløvaren og brukte guldåblomen som alltid dukka opp i frå potetåkeren som fløyte. Dette er sjølvsagt minner frå ein oppvekst på bygda, men om ein berre veit kva ein skal sjå etter og tør å prøve, så finn ein mykje av dette i byområda også. Eg fann ut at i den gigantiske «hagen» på Gamlehaugen i Bergen var der mykje godt å finne. Om ein berre tar med seg eit par plastposer og tuslar seg ein tur ute i naturen, eller rett og slett berre åpner augene når ein går frå a til b så kan ein finne mykje rart rett rundt hjørnet.  Eg har fått meg to gode bøker som eg bruker som oppslagsverk og inspirasjon, som eg absolutt anbefale til dei som vil prøve livet som sanker; «Gratis mat» av Ellen-Beate Wollen og «Norges spiselige planter og bær» av Edle Catharina Norman og Sofie Grøntvedt Railo.

Det eg har prøvd meg på til no, som du kan sjå på nokre av bilda over er:

  • Ramsløk brukt til olje, pesto, salt, sylting av skudd og tørking av blader
  • Granskudd brukt til sirup, graving av laks og sursylting
  • Marikåpe brukt naturell som spinat, i smoothie og pesto
  • Hylleblomst brukt til sirup, i likør og som pynt
  • Rabarbra brukt til saft, syltetøy og likør (og som snaks med sukker på sjølvsagt;)
  • Surblad brukt til vinaigrette
  • Geitramsblomer og -blad blei tørka til te og evt som pynt til kaker og desserter
  • Raudkløver brukt til pynt på salater
  • Guldå brukt til pynt på salater (og til å lage søt musikk:))
  • Blåbær brukt naturell, til syltetøy og i likør
  • Solbær brukt i likør
  • Østers, o-skjell, hjerteskjell og kamskjell vart grilla og nytt naturell
  • og til slutt en haug med fisk frå hav, fjell og elv🙂 Noko havna på grillen, noko blei bare dampa og dei aller minste ferskvatnsaurane vart sylta heile.

For ein kjekk sesong det har vore så langt!!

 

3 Comments Add yours

  1. Sofie seier:

    Så hyggelig å høre at boka vår blir brukt og gir både inspirasjon og matglede. Nå får vi bare glede oss til en ny sesong som kommer før vi aner det. Mvh Sofie Grøntvedt Railo

  2. Sofie seier:

    Så hyggelig å se at boka vår har vært til nytte og at den kan gi både inspirasjon og nye matopplevelser. Da får vi bare se frem mot en ny sesong som snart er like rundt hjørnet. Mvh Sofie Grøntvedt Railo

    1. stenematglede seier:

      Absolutt Sofie! Takk for flott bok😊

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s