Litt mimring og planer for framtida!

No er Stene Matglede blitt to og eit halvt år, og eg har verkeleg kost meg med prosjekta mine. Tusen takk for alle oppdrag eg har fått,  alle som har komt på middagsselskap eller vore med på sanking, og mine nære og kjære som alltid stiller opp med støtte og tankar til idemyldring 🙂

Eg har no planer om å gjere meir med bedrifta og skal frå januar av gå litt ned i stilling på Enhjørningen og To Kokker. Det vil sei at eg i første omgang frigjer litt meir tid for nye prosjekt med Stene Matglede, og kan dermed ta på meg fleire oppdrag. Saman med ei venninne er eg på jakt etter eit kjøkken som vi kan leige i Bergen. Dette skal då verte godkjent av mattilsynet slik at vi får mulighet til å utvide tilbuda våre. Når dette kjem i boks har eg fleire idear som kan setjast til livs, slik at eg kan komme nokre steg nærmare drømmen om å kunne leve av bedrifta mi! Om ikkje dette blir ei bra 30-års gåve til meg sjølv så veit ikkje eg 😉

Om nokon veit om eit slikt kjøkken, som er godkjent eller kan bli det, så rop ut via a-li-ste@online.no. Spre òg gjerne ordet om bedrifta mi om nokon sku ha eit oppdrag på lur 🙂

Med ei slik kunngjering passer det jo fint med litt mimring frå første oppdraget eg tok på meg med Stene Matglede. Det var eit nydelig bryllaup i fjøresteinane i Lofoten, eit fantastisk oppdrag rett og slett!

bjorn5 IMG_7690 IMG_7715 IMG_8479 IMG_8480 IMG_8481 – Kopi IMG_8491 IMG_8501 IMG_8529 IMG_8578  IMG_8583 IMG_8585   IMG_8589 IMG_8591  IMG_8644 IMG_8581 IMG_8685 Marthe (2) Marthe Marthe6 Tore

Bilda har eg fått frå brudeparet og blant fotografane var: Tore Hynnekleiv, Bjørn Olsen Usland, Åsny Helene Roer Jacobsen og Marthe Lise Foss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s