Heimelaga likørar og sirupar

Eg jobbar ikkje berre med mat men likar og å eksperimentere med drikkevarer, både med og utan alkohol. Den siste tida har det vore mest sirupar og likørar, laga av diverse vekster eg har funne i skogen eller på grøntavdelinga på butikken 🙂

Siste som vart tappa på flaske var ein sitronlikør og ein appelsinlikør. Desse var inspirert av den italienske Limoncelloen, noko eg oppdaga den tida eg budde og studerte i Italia. Den italienske varianten kan vere litt i dryga søt, så eg laga likørar som vart friskare med eit litt bittert preg. Eg lot rett og slett fruktskalet ligge i likøren i nesten to månader før eg silte dei. Det vart veldig gode likørar, som anten kan nytast kvar for seg eller blandast i ein cocktail. Appelsinlikør toppa med prosecco til dømes,  er rett og slett snadder!

IMG_20160313_124039

Rognebær blir òg ein nydelig likør, og den slo verkeleg an i selskapet mitt på nyttårsaften! Den passer fint til eit tungt måltid, då den er ganske bitter sjølv om den er søt. Eg brukar òg å lage andre bærlikørar, t.d. solbær (den er god både med sure solbær og overmodne!) bringebær med hylleblomst, bringebær og rabarbra, blåbær og eg har rett og slett brukt frosne skogsbær frå butikken. Totalt sett syns eg resultatet blir best med friske råvarer, gjerne kombinert med urter for å lage ein litt meir samansatt smak. Desse kan nytast aleine med ein isbit eller to, eller blandast i ein cocktail som nevnt over. Likørane lagar eg ved å ha 1 del rensa bær,frukt,urter og /eller blomst, 1 del sukker og 1 del nøytralt brennevin på ein tett beholder og rister godt. Denne setter eg i romtemperatur i minst 3 måneder, mens eg snur og rister lett på den av og til. Når den er klar siler eg likøren gjennom eit klede og smaker den evt til med meir sukker om nødvendig. Om den skulle trenge meir syre har eg bare tilsatt det ved servering.

Men ein trenger jo ikkje å lage alt alkoholisert:) Ein kan lage gode sirupar på vekster ein finn rundtomkring om så er bare for å få ei spennende saft til middagen! Sirupane på hylleblomst og geitrams vart stor suksess rundt middagsbordet i sommer. Timian- og sitronsirup var og kjempe god, sjølv om at den vart karbonisert(veit ikkje kvifor, men det vart bare bedre). Alle desse sirupane har eg for øvrig òg brukt i diverse cocktails. Om du er like glad i gin tonic som meg så bytt ut lime med ein av desse sirupane! Om du vil lage alkoholfrie variantar av slike cocktails, så bare bruk sirup og tonic eller farris, gjerne med litt sitron eller lime om du vil ha det friskare:-)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s