Oppskrifter til Middagsselskapet 21.05.16

Kald tomatsuppe med agurk, stangselleri og chili

1 agurk

1 raud paprika

2 stilkar stangselleri

1/2 gul løk

1 raud chili (med frø om du likar det sterkt)

3-4 kvitløksfedd

1 boks økologiske hakkede tomater (her er det lurt å bruke eit bedre merke for smakens skyld)

1/2 dl olivenolje

saft av 1 lime

eplecidereddik

salt og pepper

litt agurk og vårløk i fine biter, som garnityr ved servering

Alt kuttes grovt og kjøres sammen i en blender. Smak til med eplecidereddik, salt, pepper og  evt meir limesaft. Om konsistenden blir veldig tjukk kan du tilsette litt isvatn. La stå nokre timar i kjøleskap før servering. Oppskrifta er på ca 5 store eller 10 små porsjoner. Legg i litt finhakka agurk og vårløk ved servering. Eit tips her er å ta ut frøa (den våte delen) av agurken du skal bruke til garnityr før du hakker den. Frøa kan du kjøyre saman med det andre i blenderen.

Kyllingleverpaté med rabarbrachutney

300 g kyllinglever

1/2 gul løk

2 kvitløksfedd

2-3 ansjosfilet

en enve friske urter (f.eks persille, timian, salvie, rosmarin)

salt og pepper

smør

Reinskjer kyllingleveren om det er mykje sener og liknanade. Steik leveren i ei panne med ein god klatt smør. Tilsett løk, kvitløk, ansjos og urter, og steik vidare til leveren er gjennomsteikt. Ha alt i ein blender og kjøyr til ein fin konsistens. Om det er litt vanskelig så kan du tilsette litt smeltet smør for å tilføre litt væske. Smak til med salt og pepper, og ha over i egna beholder. Patéen kan og rullast som ei pølse inn i matpapir eller plastfolie. Sett kjølig nokre timar før servering. Bør oppbevarast i tett beholder(eg laga mine i små norgesglas) i kjøleskap eller frysast for lengre holdbarhet.

200 g rabarbra

1/2 raudløk

1/2 paprika

1 kvitløksfedd

1 ts fersk reven ingefær

litt eplecidereddik

brunt sukker

ei klype salt

Kutt rabarbra, løk og paprika i mindre biter, finhakk kvitløken. Ha alt i en kjele med litt eplecidereddik brunt sukker og salt. Begynn forsiktig og smak til med evt meir eddik og sukker etter kvart om det er nødvendig. La den putre i 30 min. Chutneyen skal vere litt sursøt når den er ferdig.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s