Middagsselskap 26. august 2017

Bli med på ei sosial matoppleving!

Stene Matglede invitera til Middagsselskap igjen 🙂

Denne gangen vil det vere ti stoler rundt bordet og menyen vil vere på rundt fem retter med fokus på norske berekraftige råvarer. Sjå ikkje vekk ifrå at det vil vere eit og anna villtveksande innslag:-)

Her blir det første mann/dame til den berømte mølla, siste påmeldingsfrist innan 14. august og det er bindande påmelding. Så vil menyen bli sendt ut i løpet av den veka til dei som har fått bekrefta stolreservasjon. Dermed har du god tid på å finne ut kva du vil ta med deg av drikke.  Tid og oppmøteplass blir opplyst om i mailen som blir sendt ut saman med menyen. Denne vil bli satt saman av lokale råvarer så langt det er mulig, og alt blir laga frå grunnen av. Eg kan også love eit par overraskingar undervegs!

Prisen vert denne gongen på 500 kr pr person og påmelding sendast til a-li-ste@online.no. Gi beskjed om eventuelle allergiar, preferanser e.l. då dette må eg kunne ta hensyn til når eg sett opp menyen.

Supper club og social dining er konsept som endå er nokså ukjent for oss her oppe i nord, men det er ganske utbreidt rundt om i Europa. Eg kallar det rett og slett for eit Middagsselskap og vil invitere både kjente og ukjente til ein sosial kveld med god mat og godt selskap. Om du vil vere med, så send meg ein e-post for å reservere stol.

Eg har til no hatt fem slike Middagsselskap, og du kan finne bilder, meny og nokre oppskrifter frå alle sammen under kategorien Middagsselskap  🙂

Eventuelle spørsmål kan luftast i kommentarfeltet eller i ein e-post til a-li-ste@online.no.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s