Lunsj på hjul Matsykkel

Stene Matglede og Lunsj på hjul går som det suser og no trengs ei oppgradering på sykkelfronten! Bli med og bidra til Bergens kuleste guleste lastesykkel:-)

Eg har lansert ei folkefinansierings kampanje der eg kjører igang ei slags kronerulling for å skaffe midler til å investere i ein elektrisk lastesykkel. Den vil mangedoble kapasiteten og rekkevidda til både Stene Matglede Catering generelt med kanskje Lunsj på Hjul spesielt! Den kjem og til å bli ganske snasen med logo på sidene, lokk som kan brukast til bord og parasollfeste til pop-up moro i parker til dømes.

Her ser du litt inspirasjonsbilete av slik den skal bli, og kva eg meinar med parasoll 😉

Du finn alt av detaljer rundt prosjektet, korleis pengane skal brukast og korleis sykkelen vert sjåandes ut på sida mi på Kickstarter her https://www.kickstarter.com/projects/169265009/lunsj-pa-hjul-cargobike/description

Eg har valt å bruke Kickstarter.com, ei av dei største plattformene på crowdfunding eller folkefinansiering som det kallast på norsk, noko som kanskje fører til litt forvirring då sida vert dels på norsk dels på engelsk. Det er rett og slett fordi det er ei side som bare er tilgjengelig med engelsk mal. Men eg skal prøve å forklare korleis du enkelt kan bidra, og så må du bare ta kontakt om du lurer på noko!

Om du har bestemt deg for at du vil bidra, så må du velje kva slags reward eller gåve du ønsker. Du kan velje å bidra («pledge») utan noko gåve (1) , gi frå 50 kr og oppover (2)og få navnet ditt på takkelista her på nettsia mi, eller du kan velge en av dei andre 12 ulike gåvene eller rewards som eg har laga til(3). Desse varierer både i minimumsbeløp og  kva område dei er tilgjengelige i, for ei levering av lunsjpakke er ikkje tilgjengelig for nokon som vil ha den i Oslo til dømes. Men alt det står forklart i teksten til kvar enkelt.

IMG_1519588273786

Så er det bare å fylle ut kva beløp du vil bidra med og trykke på «Continue» 🙂DSC_1694

Deretter ser sida slik ut, og du bare fyller inn kortinformasjon og trykker på «Pledge»DSC_1695

Det er altså veldig ordentlig, trygt og seriøst. Eg har sjølv bidratt på andre sine kampanjer, og eg veit at pengane har kome fram og vorte brukt til det som var sagt 🙂 Kickstarter er dessutan ganske strenge når du skal legge ut et prosjekt så dei sørger for å sjekke opp i at du er den du sei, og holder på med et ordentlig prosjekt.

I tillegg så er det slik at dersom eg ikkje klarer å samle inn alt, dvs 32 000 kr, innan fristen som eg har satt til 20. mars, så vert ikkje prosjektet finansiert. Det vil seie at dei som har bidratt vert ikkje trekt noko pengar likevell, og eg må finne på noko anna for og skaffe meg denne sykkelen. Men om det skulle bli samla inn meir enn det som er målet, så er det og fullt mulig! Då vil eg bruke desse til å betale leige på parkeringsplass til det nye dollargliset:-)

No er eg allereie godt igang, 11 950 kr er samla inn per dags dato, dvs 37%, og det er heile 22 dagar att. Så dette skal vi klare!

Klikk deg gjerne inn og sjå om dette er noko du kunne ha lyst til å bidra til, og del det gjerne vidare, jo fleire jo bedre 🙂

For å seie det slik; om bare mine følgerar på facebook ha bidratt med en femtilapp så ville sykkelen vere fullfinansiert og vel så det;-)

Heilt til slutt så kan eg legge inn lenka ein gang til, slik i tilfelle du no har lyst til å bidra 😉 https://www.kickstarter.com/projects/169265009/lunsj-pa-hjul-cargobike/description

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s