Om

Med utgangspunkt i sesongens beste råvarer lagar eg måltid som gjer grå kontorlokale fargerike og festar smakfulle. Stene Matglede er bygga på filosofien om at mat er mykje meir enn næring. Eg ynskjer å formidle gleda ved matlaging gjennom gode måltider som er til for å nytes.

Eg arbeider til dagleg deltid som kokk ved To Kokker og Enhjørningen på Bryggen i Bergen. Stene Matglede er mitt frilansprosjekt som eg har starta i 2013 rett og slett fordi eg elskar å lage mat.

Med fagbrev og mesterbrev som kokk  har eg no arbeid i serveringsbransja i over 15 år. I tillegg har eg teke ein bachelor i italiensk språk ved Universitetet i Bergen og studert fleire semester i Italia.

Eg har forelska meg i italiensk mat- og nytelsesfilosofi, noko eg syns vi bryr oss for lite om i Norge. Der nede stiller ein klokka etter måltida og gamlemor på kjøkkenet, ein nyt gjerne tre retter i lunsjpausa og tek helst eit glass vin med litt snacks på vei heim for å kle seg om til middag. Mat er religion og la nonna (bestemor) er gudinna! Det viktigaste i livet er å ta ting som dei kjøm, stresse ned og hugse på å nyte kvar dag med enkel og ujålete, men fantastisk god mat. Og sjølvsagt eit glass fyldig rødvin.

Mat kan vere så mykje meir enn ein trur her oppe i det kalde nord. Vi har tilgang på fantastiske råvarer som vi dessverre ikkje er så flinke til å utnytte. Men med nokre gode idear kan vi prøve å skape litt magi i kvardagen og gjere den om til ein fest!

Omtaler:

IMG_20190709_085203_965Intervju i Bergensavisen 09.07.19

Intervju om granskuddsanking i Opptur på NRKP1 30.05.19: https://radio.nrk.no/program/dvfj01011019

_20190806_151120Intervju i bilag til Aftenposten juni 2019

Intervju i Nordre 21.02.17

Intervju med Work.Life.Balance 29.01.17: https://m.facebook.com/story.php?story_fbid=229590057449311&id=220968851644765

Intervju med Polardrikk 22.02.17: https://www.polardrikk.no/min-forste-kaffekopp-10/

Intervju i Nordre 24.06.17

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s