Leverandørar

Reindyrka AS er ein av mine beste samarbeidspartnera, det er her eg får tak i økologiske overskuddsråvarer og handlar det meste av økologiske tørrvarer. Dei har dessutan eit stort utval varer og flott nettverk av lokale produsentar. Reindyrka er ein heiløkologisk daglegvarebutikk midt i Bergen sentrum. Den vart starta av gründerane Anja og Anne-Line, to ildsjelar som verkeleg brenner for rein mat og lokale råvarer.

Jan Arve Birkeland, fiskaren på kaia i Sandviken. Her kan eg få tak i fersk fisk og skalldyr direkte frå fiskaren sjølv. Kvaliteten er prima og kortreist i ordets rette forstand. Anbefaler alle å ta turen ned på kaia når Jan Arve dukkar opp på kaia utanfor Kystkultursenteret!

Voss Gardsslakteri på Selheim Gard på Voss gir meg muligheten til å få tak i kortreist kjøt av melkekyr, grasfora ammekyr og kalvar av Vestlandsk Fjordfe. Dessutan har dei fjellam og utegangar gris som spring rundt på garden og i skogen frå mai til desember. Dei har fokus på dyrevelferd og kvalitet, og har heilt nydelige produkt som resultat.

Undeland Gard ligg i Ulvik i Hardanger og er dreven av Katinka og Grzegorz som eit økologisk andelslandbruk. Eg er så heldig at eg har ein andel i då Ulvik andelslandbruk, og har dermed tilgang til eit bredt utvalg av grønnsaker og urter, dyrka etter økologiske prinsipper. Ein del av desse varene vert brukt til lunsjane mine, og om det passer seg slik så kan eg få bestille ekstra varer til cateringen. Her er det kvalitet og smak i fokus, men dei prøver samtidig å få lære bort masse nyttig kunnskap til dei som vil høyre og stikke fingrane i jorda.

Lerøy Alfheim AS er ein av dei faste leverandørane for fisk på  Vestlandet med et bredt spekter av kvalitetsvarer innenfor sjømat og spesialprodukter som kjøtt og vilt. Dei jobber med å bli meir og meir berekraftig. Lerøy Seafood var første aktør innenfor næringa som blei tildelt ASC-sertifisering av sine havbruksanlegg. Lerøy har deltatt i utviklinga av standarden siden 2004 i samarbeid med WWF. Lerøy Seafood og Lerøy Norwegian Seafood (hvit fisk og skalldyr) er også MSC-sertifiserte, dvs berekraftig villfisk.  

Måkestad Engros og T. L. Måkestad er min standard leverandør for det meste innan tørrvarer, embalasje, frukt og grønt. Dette er selskaper eigd og drevne av familien Måkestad i tredje generasjon. T. L Måkestad ble grunnlagt i 1958 av ildsjelen Torvald Måkestad. Han kom frå fruktgården Nå i Hardanger, og begynte tidlig å levere epler og pærer til Bergen og Oslo.

Og så fyller eg på her etterkvart som eg får knytta til meg fleire gode lokale leverandørar 🙂 Ta gjerne kontakt om du er eller kjenner nokre leverandørar som eg burde snakke med!