Lunsj på Hjul

Få sunn og berekraftig lunsj levert på døra kvar tirsdag og/eller onsdag. Eg syklar rundt om i Bergen sentrum, og leverer kortreist mat laga frå grunnen av med mest mulig økologiske råvarer. Lunsjen tirsdag er eit samarbeid med
T.L.Måkestad og på onsdag med Reindyrka AS, og vert laga mest mogleg av
overskuddsråvarer og lokale delikatesser.

All mat vert preparert av meg i godkjente kjøkkenlokaler, og kjem i resirkulerbare bokser.Der er òg ein mulighet for å bruke visse gjenbrukbare plastbokser om ønskelig. Desse kjem mot eit depositum på 198 kr inkl mva for to bokser, og må byttast inn ved påfølgande levering.

Bli lunsjabonnent ved å skrive til meg på lunsjpahjul@gmail.com

Lunsjen har ein fastpris på 110 kr pr. levering pluss 15 % mva. Tilbudet er tilgjengeleg som ei abonnementsordning, der ein på forskudd betaler for minimum fire leveringar. Om ein dag ikkje skulle passe, kan leveringa forskyvast til neste veke. Dette må varslast om så fort som mogleg, og seinast innan kl 15 dagen før levering. Det kan óg vere mulig å få levering motsatt dag i enkelt-tilfeller ved ledig kapasitet.

Bli gjerne med i Lunsj på hjul gruppa på Facebook. Der vert dagens boks lagt ut med
ingrediensar, i tillegg til anna informasjon og felles beskjeder.

https://www.facebook.com/groups/1731196957145381/

fb_img_1474478894012

fb_img_1474478909513

img_20161019_104240