Nettbutikk

Her kan du finne nokre av mine egenproduserte produkt som er har med meg når eg har pop up på markeder og liknande.

Alt kan bestilles på mail til stene.matglede@online.no. Henting i Bergensområdet etter avtale. Det meste kan dessutan sendast pr post, og då legges fraktkostnader til i prisen.

Brødposar

Brød trenger luft, så plast egnar seg derfor dårlig. Lite luft gjer brødkvaliteten dårleg på veldig kort tid samtidig som at den sprø skorpa raskt blir mjuk og seig. Det danner seg dessutan lett kondens i posen, og då kjem det gjerne mugg på brødet.

Om du oppbevarer brødet i bomull eller lin så får brødet altså puste og det holder lengre på den ferske følelsen. Brødposane mine kjem dessutan med ei superlett oppskrift på eltefritt grovbrød og eit band du kan bruke for å lukke posen. Bra for miljøet og best for brødet!

Eg har to variantar, ein for vanlege brød og ein for ekstra store, gjerne runde brød. Begge variantane kostar 249 kr, frakt kjem evt i tillegg.

Gåvekort Lunsj på Hjul

Eg selger gåvekort på abbonement med Lunsj på Hjul. Her er det viktig at mottakar held til innanfor dekningsområda, så ta gjerne kontakt om du er i tvil. Ein kan få gåvekort på så mange lunsjpakkar ein vil og det kostar 127 kr pr pakke. Gåvekorta har ein varighet på eit år frå salsdato.