Portugal i oktober — yoga, mat og eigentid
Bli med på ti dagar i vakre Portugal med Maria Djoenne og Anne Lill frå Stene Matglede. Start morgnane med mjuk, styrkjande yoga. Nyt heimelaga, smaksrik mat og rolege utflukter i fredelege omgjevnader. Dette er reisa for deg som treng å senka skuldrane — langt borte frå kvardagen.
Film av Viktorija Valionyte
Catering
Mat frå Stene Matglede vil gi litt kvardagsgourmet til ei kvar anledning! Alt vert laga frå grunnen av, om mogleg med lokale råvarer, og evt. tilbredt i lokalet du ønsker. Eg vil sørge for eit annaleis møte, selskap, jubileum, julebord, bryllup eller konfirmasjon, der du ikkje treng bekymre deg for kva som skjer på kjøkkenet. Eg tar på meg oppdrag i heile landet, så lenge der er eit kjøkken tilgjengelig så det er bare å ta kontakt!
Film av Viktorija Valionyte
Lunsj på Hjul
Sunn og berekraftig mat levert med sykkel til døra di i Bergen! Kortreist mat laga frå grunnen av, med mest mogleg økologiske råvarer. Du kan bestille ein enkelt lunsj eller ha det som eit abbonement. Eg syklar rundt om i Bergen (området sentrum-Haukeland-Kronstad/Kalfaret) kvar tysdag og onsdag.
sunn, smakfull og
berekraftig Mat
laga frå grunnen av
Stene Matglede catering
lokalt og berekraftig!
« Eg ynskjer å formidle gleda ved matlaging gjennom gode måltider som er til for å nytes»
Stene Matglede er bygga på filosofien om at
mat er mykje meir enn bare næring!
den matglade butikkroken