Lunsj på Hjul

med Stene Matglede

Anne Lill lagar lunsjar og SYKLAR RUNDT OM I BERGEN KVAR TYSDAG OG ONSDAG.

MULIGE OMRÅDER: SENTRUM-HAUKELAND-KRONSTAD/KALFARET-Damsgård -SOLHEIM-SANDVIKEN

OG KANSKJE NOKRE FLEIRE:-)

Lunsj på Hjul er eit samarbeid med mellom anna Reindyrka AS og T.L. Måkestad, og vert laga av overskuddsråvarer og lokale delikatesser.

Tysdagsvrien vekslar annakvar veke mellom Grautatysdag med kjøleskapsgraut eller smoothiebowl-ish med masse deilig frukt, bær, gryn, kjerner og nøtter, og nyheten Tapenadetysdag der eg lager lunsj med base i smakful ertetapenade med deilige grønnsaker til.

Onsdagssalaten er ein smaksrik og mettande salat med pasta, gryn, belgfrukter og liknande, toppa med masse digge grønnsaker; med andre ord meir den originale Lunsj på hjul varianten som har vore med frå start.

Lunsjane er i altså hovudsak vegetariske, men kjøtt eller fisk, ost og egg kan forekomme så gi beskjed dersom du ikkje ønsker det ;-)

Maten kostar 149 kr for éi enkelt levering, eller kun 137 kr pr levering dersom ein teknar eit abonnement.

Abonnementsordninga fungerer slik at ein på forskot betaler for ein månad og eventuelle utsetjingar vert trekt frå neste faktura. Dette abonnementet går til det vert sagt opp.

Om ein dag ikkje passa, kan leveringa forskyvast til neste veke. Dette må varslast om seinast kl 10 dagen før. Man kan òg få levering ein av dei andre dagane om det lar seg gjere.

All mat vert preparert i godkjente kjøkkenlokaler, og kjem anten i nedbrytbare engangsboksar eller gjenbrukbare plastbokser. Dei gjenbrukbare kjem mot ein enganssum på 218 kr for to lekasjesikre boksar i PP-plast som tåler temperaturer mellom -20 til 110 grader. Ein bytter inn tom rengjort boks mot ny lunsj ved påfølgande levering.