Lunsj på hjul

Sunn og berekraftig gourmetlunsj levert med sykkel!

kortreist mat laga frå grunnen av, med mest mogleg økologiske råvarer.

Lunsj på Hjul vart starta opp heilt tilbake i 2016, i ein by der lunsjtilbodet var ganske begrensa og i ei tid matsvinn enno var eit framandord for dei fleste. Mykje har endra seg sidan då, valmulighetene for lunsjlevering har mangedobla seg, men visjonen og ambisjonen bak Lunsj på Hjul er den samme;

Kjempe mot matsvinn ved å lage digg gourmetmat levert på det mest berekraftige vis :-)

Eg syklar rundt om i Bergen kvar tysdag og onsdag.

Lunsj på Hjul er eit samarbeid med mellom anna Reindyrka AS og T.L. Måkestad, og vert laga av overskuddsråvarer og lokale delikatesser.

Tysdagsvrien vekslar annakvar veke mellom Grautatysdag med kjøleskapsgraut eller smoothiebowl-ish med masse deilig frukt, bær, gryn, kjerner og nøtter, og nyheten Tapenadetysdag der eg lager lunsj med base i smakfull tapenade på belgvekster med deilige grønnsaker til.

Onsdagssalaten er ein smaksrik og mettande salat med pasta, gryn, belgfrukter og liknande, toppa med masse digge grønnsaker; med andre ord meir den originale Lunsj på hjul varianten som har vore med frå start.

Maten kostar 149 kr for éi enkelt levering, eller kun 137 kr pr levering dersom ein teknar eit abonnement.

interessert?

fyll ut skjema nederst på sida


Et av byens beste lunsjtilbud, levert på døren, på sykkel, bærekraftig, vegetarisk; Superdigg!
— Marianne Lid Iversen
Gleder meg til hver boks med fargerike og sunne herligheter. Hun inspirerer oss med lunsjene sine!
— Synnøve Vidheim Svardal
Eg begynner jo å lengte etter lunsj med en gang eg kommer på kontoret om morgenen.
— Heidi Skålevik

Bli med i Lunsj på hjul gruppa på Facebook. Der vert dagens boks lagt ut med ingrediensar, i tillegg til anna informasjon og generelle beskjedar.

Forespørsel for Lunsj på hjul

OBS! Det er til tider hektisk å drive firma heilt aleine og dermed kan det ta et par dager før eg får svart på alle dei nydelige henvendelsane frå dykk. Håper dette går bra, og sjekk spamfilter for mailer frå meg kan ha havna der av ein eller anna grunn :-p

# Lunsjleveringar må avbestillast seinast kl 10 dagen før levering

Gåvekort på lunsjleveringar kan bestillast i nettbutikken min :-)