Her kan du finne nokre av mine egenproduserte produkt som eg har med meg når eg har pop up på markeder og liknande. Dessutan står det meste utstilt i butikkroken på Støvå PopUp i Rogagaten 26, slik at ein kan ta ein titt og handle litt når ein er innom på eventer der. Det er óg mulig å bestille varer for henting i Rogagaten eller spørre om å få komme inn og ta ein titt på noko ein dag:-)
Det som er produsert av ville vekster kan fort bli utsolgt, og vert dermed ikkje tilgjengelig igjen før neste sesong. Bare ta kontakt om du vil forhåndsbestille noko av kommande sesong.
Alt kan bestilles med kontaktskjema nederst eller på mail til stene.matglede@online.no. Henting i Rogagaten 26 etter avtale. Det meste kan dessutan sendast pr post, og då legges fraktkostnader til i prisen.
-eg elskar jo å tusle i fjøresteinane og no har eg jammen tatt med meg materialer heim for å lage ulike matglade gjenstander av dei. Alle er unike både i utsjåande og tekstur så anbefaler deg å komme innom butikkroken min på Støvå PopUp i Rogagaten 26 dersom du vil velge deg ut noko :-)
-også kjent som etasjekakefat. Desse er laga av gamle skåler og tallerkener som eg plukker med meg på loppis, bruktbutikkar eller arvegods. Kan demonteres, men sendes ikkje då desse gamle skattane kan vere skjøre. Også desse står fint på utstilling i Rogagaten 26.
Gjengen i Bergen fengsel lagar dei finaste Straffekaffe koppane, og no har dei fiksa eget trykk på dei gule koppane til meg! Så no kan du kjøpe ein kopp #MATGLEDE om du vil:-) 250 kr pr stk, sendes i utgangspunktet ikkje i post.
Brød trenger luft, så plast egnar seg derfor dårlig. Lite luft gjer brødkvaliteten dårleg på veldig kort tid samtidig som at den sprø skorpa raskt blir mjuk og seig. Det danner seg dessutan lett kondens i posen, og då kjem det gjerne mugg på brødet.
Om du oppbevarer brødet i bomull eller lin så får brødet altså puste og det holder lengre på den ferske følelsen. Brødposane mine kjem dessutan med ei superlett oppskrift på eltefritt grovbrød og eit band du kan bruke for å lukke posen. Bra for miljøet og best for brødet!
Eg har to variantar, ein for vanlege brød og ein for ekstra store, gjerne runde brød. Begge variantane kostar 249 kr, frakt kjem evt i tillegg.
Enkelte mønster kan vere utsolgt.
Eg syr to ulike variantar av kakeposar; posar beregna for å bere runde kakaer eller skuffekaker på ein meir behagleg og ikkje minst lekker måte. Perfekt når du skal ta med en pai eller ei skuffekake på basar eller i familieselskap. Dessutan så har eg sørga for at den minste kakeposen passer perfekt for å bere med seg eit brett med egg heim frå feks REKO eller Bondens Marked;-) Om du skal bere fleire brett om gangen så funker den store skuffekakeposen.
Posane er sydd i ulike bommullstoff, det meste er restemateriale/gjenbruk av tekstiler, derfor vil det vere begrensa antall av dei ulike mønstera.
Kakepose kostar 299 kr, skuffekakepose kostar 379 kr.
Eg har begynt å sy popcornposer av gjenbrukstekstiler så nå kan du spare enda meir på å poppe ditt eget popcorn i microen med denne posen! Heilt utan salt og fett, så betre for helsa i tillegg til miljøet;-) Laga av 100% Bomull som tåler 90 grader vask.
Enn så lenge så er det kun et design med grønt mønster, men fleire kan dukke opp;-) Eg brukar ca 75 g popcorn i posen, poppes i ca 3 min til det er et par sek mellom poppa akkurat som en micropop frå butikken. Salt og evt smør tilsetter du i ei skål etterpå.
Handstrikka sminkepads i 100 % bommull er perfekt for den miljøbevisste som vil ha eit mjukt og reinsleg alternativ til engangs variantar. Desse kan vaskast i ein vaskepose på 60 grader. Dei kjem i pakke på 4 stk for 119 kr. (Kun 4 stk igjen)
Eg selger gåvekort på abbonement med Lunsj på Hjul. Her er det viktig at mottakar held til innanfor dekningsområda, så ta gjerne kontakt om du er i tvil. Ein kan få gåvekort på så mange lunsjpakkar ein vil og det kostar eksempelvis 149 kr for éi lunsjlevering, 137 kr pr stk for minimum fire leveringar i abbonementsordning. Gåvekorta har ein varighet på eit år frå salsdato.
No er det også mulig å få gåvekort på cateringtenester og matkurs!
Ta kontakt for meir info :-)
OBS! Det er til tider hektisk å drive firma heilt aleine og dermed kan det ta et par dager før eg får svart på alle dei nydelige henvendelsane frå dykk. Håper dette går bra, og sjekk spamfilter for mailer frå meg kan ha havna der av ein eller anna grunn :-p