Generelle betingelser Matkurs:

Påmelding

Påmelding skjer ved billettkjøp hos Ticketco eller via nettsida til Stene Matglede og kommunikasjon vil i hovudsak videre skje skriftleg på e-post.

Direktelink til kursinfo: https://www.stenematglede.com/matkurs

Direktelink til billettkjøp: https://stenematglede.ticketco.events/no/nb

Påmelding er bindande og betalt kursbillett refunderast berre dersom Stene Matglede må avlyse kurset.

Skreddarsydde gruppekurs må avbestillast seinast 14 dagar før eventet om ikkje anna er avtalt i tilbodet.

 

Ansvarsfråskriving

Kursdeltakar deltar på eiget ansvar. Stene Matglede har ikkje noko ansvar for skadar som deltakar måtte pådra seg, eller for uhell som måtte skje i forbindelse med kurs i regi av Stene Matglede. Deltakar oppbevarer klede, verdisaker og liknande på eiget ansvar.

 

Bilete og video av deltakarar

Stene Matglede held på retten til å bruke bilete og videoopptak frå undervisning og turar arrangert av Stene Matglede. Desse kan for eksempel brukast til eigen reklame, annonser og innlegg på sosiale medier og på heimesida. Kursarrangør vil informere om dette på kvart kurs, men kvar deltakar har ansvaret for å gje beskjed dersom dette ikkje er ønskeleg.

 

Force majeure

Er Stene Matglede forhindra frå å utføre ei teneste som følge av arbeidskonflikt, nasjonale smittevernreglar eller alle andre omstende der partane ikkje kan råde over denne, så som brann, krig, naturkatastrofar, eller uforutsette militære innkallingar av tilsvarande omfang, er Stene Matglede fritatt for alt ansvar.