Mat er så mykje meir en bare næring

Berekraft er ein stor del av visjonen bak Stene Matglede og sitt godt forankra i ryggmargen til Anne Lill.

Her er dei konkrete fokusområda som vert jobba med dagleg og litt om tankane bak

 
 

Fremme god helse og livskvalitet gjennom beviste matvalg i drifta

  • Sette fokus på sunne alternativ

  • Inspirere til meir bruk av grønt og sjømat

  • Fokusere på glede og mestring gjennom mat og matlaging


Bidra til kompetanseheving innan matfag

  • Inspirere barn og unge til å lage mat sjølve og å sjå på matlaging som ein mulig yrkesveg

  • Brenner for at fleire skal velge kokkeyrket og vil gjerne bidra mot at det skal vere fleire kvinner i kokkefaget og som vel å bli der

  • Jobber med arbeidstrening for dei som vil teste ut kokkelivet på ein litt utradisjonell og kreativ måte

  • Invitere til matkurs gjennom året for å bidra aktivt til kompetanseheving på matfronten hos Ola og Kari Nordmann, og håper på å gi masse inspirasjon og mestringsfølelse på kjøkkenet


Støtte, heie og fremme medsøstre

  • Fremme samarbeid med andre små gründere, framfor konkurranse, for mange små kan bli store

  • Bidra til å løfte andre opp og starta Støvå PopUp for å gi andre muligheten til å synes

  • Gi råd og dele erfaringar frå eit nokså langt matgründerliv

  • Skapa eit nettverk av likesinna kvinnelige gründere for å dele erfaringer og hjelpe kvarandre opp, på kryss og tvers av bransjer


Tar ansvar for forbruk og produksjon

  • Kjemper aktivt mot matsvinn ved lage lunsjar av overskuddsråvarer med Lunsj på Hjul og tar då ansvar for å trylle i gjennomsnitt ca 7 kg frukt og grønt i veka om frå matsvinn til gourmetlunsj!

  • Brukar minst mulig engangsemballasje, ca 85 % av Lunsj på Hjul kundene har gjenbruksboksar og stor andel av cateringmaten vert levert i gjenbruksboksar

  • Engangsemballasje som må til velgast så miljøsmart som mulig

  • Lokalene vert innreia med mest mulig gjenbruk av møblar og utstyr kjøpes brukt der det er mulig


ønsker å bidra med minst muleg klimaavtrykk

  • Jobber aktivt mot matvinn i produksjonen men òg gjennom inspirasjon til smarte valg og bevistgjering i sosiale kanalar

  • Det kildesorteres og komposteres, og kompost brukes i kjøkkenhagen og sørger for tilgang på friske urter og spiselige blomer gjennom sesongen

  • Det er tatt smarte valg som varmepumpe under oppussing av lokalet og forbruket generelt reguleres ned i ferier og nedetider


Ønsker å øke fokuset på sjømat

  • Er medlem av Smak av Kysten

  • Fokuserer på sjømat i menyane som vert skreddarsydd og tilbyr fersk fisk med Lunsj på Hjul

  • Prøver å inspirere til meir bruk av sjømat og hjelper produsentane med å nå ut ved å dele i sosiale kanaler

  • Setter fokus på berekraftige artar og vil gje dei “kjedelege” råvarene ein renessanse

  • Håper på å forandre forholdet folk har til fisk og sjømat; ut med tanken om sei som seibiff frå Findus og inn med fersk seifilet som ceviché i bryllaup og konfirmasjon!


kjempar for meir lokal verdiskaping!

  • Jobber aktivt med lokale råvarer

  • Søker samarbeid og direktekontakt med lokale produsentar

  • Framsnakker gode produkter i alle kanaler og setter fokus på dei gode og nære valga ein kan ta i kvardagen

  • Sprer kunnskap om matproduksjon og lokal verdiskaping

  • Fokuserer på råvarer i sesong, bruk av alt- hode til hale, både til cateringoppdrag, Lunsj på Hjul og i val av matkursopplegg

  • Øker kunnskapen rundtom i dei tusen hjem ved å lage eigen sesongkalender for kvar måned som deles i sosiale medier, som kan hjele forbrukar til å sette trykk på daglegvarebransjen når det gjeld utvalg og fokusområder hos dei