leverandørar

Eg vil helst lage mat av lokale kortreiste råvarer så då prøver eg å få knytta til meg lokale småprodusentar.

eg vil bli kjent med produsentane og produkta direkte slik at eg kan levere ei historie med maten, samstundes som eg er trygg på at det er av topp kvalitet

DEssutan har eg flotte samarbeidspartnarar som eg meir enn gjerne jobbar saman med om der er nokon som vil ha eit selskap utanom det vanlege!

download.jpg

Reindyrka AS er ein av mine beste samarbeidspartnera, det er her eg får tak i økologiske overskuddsråvarer og handlar det meste av økologiske tørrvarer. Dei har dessutan eit stort utval varer og flott nettverk av lokale produsentar. Reindyrka er ein heiløkologisk daglegvarebutikk midt i Bergen sentrum. Den vart starta av gründerane Anja og Anne-Line, to ildsjelar som verkeleg brenner for rein mat og lokale råvarer.


download (3).jpg

Jan Arve Birkeland og dattera May Britt, fiskarane på kaia. Her kan eg få tak i fersk fisk og skalldyr direkte frå fiskarane sjølv. Kvaliteten er prima og kortreist i ordets rette forstand. Anbefaler alle å ta turen ned på kaia når May Britt eller Jan Arve dukkar opp på kaia på Fisketorget eller ved Kystkultursenteret i Sandviken

Erlend og Helene i Hella Sopperi dyrkar den nydeligste ferske østerssoppen i ein tidlegare fjøs på Manger. Eg elskar å jobbe med den og kanskje kjem der eit samarbeid mellom våre bedrifter i framtida, med litt produktutvikling bassert på overskuddssopp; kven veit ;-) Digg og kortreist er det i allefall!

Pievino2.png

Pievino AS med Heidi Aas Kvalheim er ein anna god samarbeidspartner. Heidi er en utrulig engasjert og kunnskapsrik sommelier, som er ute etter å spre gleda over “noko godt i glaset”. Her kan man få vinsmakinger, vinkurs, gruppereiser og skreddersydde arrangementer. Eg og Heidi har gjort både små “heimehos” eventer og store mat og vin kveldar, der vi utforsker mat og vin i kombinasjon. Så om eg får forespørslar om selskapligheter med digg mat og gode viner til så er det Heidi eg ringer!


snitt bukett[39560].JPG

Lise Hellesen aka Blomsterlise er min “nabolagsflorist” på Danmarksplass, og ho lager heilt nydelige blomsterdekorasjonar! Med mange års erfaring, fagbrev og mesterbrev binder Lise både store og små bukettar, alt frå Fredagsbukett til brudebinderi og kranseverkstad, Denne dama kan fikse det meste! Når ein bestiller Barselgraut 2.0 hos meg så kan ein legge til ein nydelig bukett frå Blomsterlise som vert levert saman med maten. Kva er vel bedre enn det? :-)


header_logo_gunvor.png

Gunvor har vore kunde og venn i fleire år no, og ho lagar heilt fantastiske illustrasjonar! No har ho blant anna illustrert ei bok som heiter Smak! med hysteriske “mat karrikaturar” som er heilt nydelege <3 Når du kjøper pakkar med Barselgraut av meg så kan du få legge til eit kort frå Gunvor der du kan få skrive ei helsing til den nybakte mottakarfamilien!


Hardanger Bygdeysteri er eit nystarta ysteri i Øystese, eigd og drive av lokale bønder, og dei lagar supergod steikeost! No har dei utvikla både ein som er marinert med chili og ein som er røykt, og dei anbefales virkelig! Mykje betre enn halloumi som du får i butikken og mykje meir kortreist <3

download.png

Voss Gardsslakteri på Selheim Gard på Voss gir meg muligheten til å få tak i kortreist kjøt av melkekyr, grasfora ammekyr og kalvar av Vestlandsk Fjordfe. Dessutan har dei fjellam og utegangar gris som spring rundt på garden og i skogen frå mai til desember. Dei har fokus på dyrevelferd og kvalitet, og har heilt nydelige produkt som resultat.


Siren’s Rawcake med kokk Siren Myrmel sine fantastisk flotte kaker, laga utelukkande med økologiske råvarer, er en fryd for både auga og ganen. Så når mine kunder ønsker deilige kaker så tar eg ein prat med Siren. Dessutan har vi hatt gleda av å arbeide saman hos Hanne på Høyden i si tid, så om eg treng fleire hender på kjøkkenet er Siren god å ha!

Undeland Gard ligg i Ulvik i Hardanger og er dreven av Katinka og Grzegorz som eit økologisk andelslandbruk. Eg er så heldig at eg har hatt ein andel i Ulvik andelslandbruk og her får ein eit bredt utvalg av grønnsaker og urter, dyrka etter økologiske prinsipper. Her er det kvalitet og smak i fokus, men dei prøver samtidig å få lære bort masse nyttig kunnskap til dei som vil høyre og stikke fingrane i jorda. I tillegg har Katinka starta opp med kortreiste økologiske snittblomer og lager dei nydeligaste kortreiste kreasjonane for salg.


images.jpg

Måkestad Engros og T. L. Måkestad er min standard leverandør for det meste innan tørrvarer, embalasje, frukt og grønt. Dette er selskaper eigd og drevne av familien Måkestad i tredje generasjon. T. L Måkestad ble grunnlagt i 1958 av ildsjelen Torvald Måkestad. Han kom frå fruktgården Nå i Hardanger, og begynte tidlig å levere epler og pærer til Bergen og Oslo.


images (1).jpg

Lerøy Alfheim AS er ein av dei faste leverandørane for fisk på  Vestlandet med et bredt spekter av kvalitetsvarer innenfor sjømat og spesialprodukter som kjøtt og vilt. Dei jobber med å bli meir og meir berekraftig. Lerøy Seafood var første aktør innenfor næringa som blei tildelt ASC-sertifisering av sine havbruksanlegg. Lerøy har deltatt i utviklinga av standarden siden 2004 i samarbeid med WWF. Lerøy Seafood og Lerøy Norwegian Seafood (hvit fisk og skalldyr) er også MSC-sertifiserte, dvs berekraftig villfisk.  

 
DSC_2331.JPG

I tillegg så er eg vel min egen leverandør, då eg er ein ivrig sankar av sopp og ville vekster. Desse plukkar eg og brukar ferskt eller tek vare på ved konservering slik at eg kan bruke det i maten eg tilbreiiar gjennom året.

Og så fyller eg på her etterkvart som eg får knytta til meg fleire gode lokale leverandørar.

Ta gjerne kontakt om du er eller kjenner nokre leverandørar som eg burde snakke med!