sesongkunnskap gjennom året

Noko av det eg brenner for er bruk av lokale råvarer og det at vi skal gå meir tilbake til ei tid der vi tok meir hensyn til sesongane når vi handla. For eg tenker at det mest berekraftige er om vi tar ansvar for å produsere maten vår sjølve, nytter oss av dei råvarene vi har rundt oss, spelar på lag med naturen og ikkje minst unngår å kaste mat!

Det betyr at vi passer på å nyte råvarene når dei er i sesong og er på sitt beste, samstundes som vi då kan tåle å savne dei frå butikkhyllene utanom sesongen. At vi kan kjenne på kor mykje vi gledar oss til jordbær og vannmelon på sommeren, klementinene i jula og appelsinene på vinteren, og at vi fråtser i rotgrønsaker eigentleg året rundt!

For der er faktisk norske råvarer å få tak i året rundt, og der er smartare val ein kan ta når det gjeld kva ein tek med seg frå “importhyllene”. Dette prøver eg å dele i sosiale medier i starten på kvar månad, og eg har no samla alle innlegga her slik at du kan få ta ein titt på heile året i eitt.

Sjølv så har eg alltid alt dette i bakhovudet når eg skal lage til menyar til kundene mine gjennom året, og eg følger med på sesongvariasjonane til andre landbruksvarer og sjømat òg.

Januar/Februar

SESONG🍀 Då eg var liten så var utvalget i butikken mykje meir styrt av svingningane i sesongane og dermed så ha man litt meir kontroll på kvaliteten på det ein kjøpte kan du sei. Ein visste godt at jordbær og vannmelon i mars ikkje var eit godt kjøp, kanskje i hovudsak fordi det rett og slett ikkje var å finne i butikken, men og fordi man såg fram til når det kom for då var det så utruleg digg!

Eg merker sjølv at kunnskapen min om sesongar har blitt sløv av at alt er tilgjengelig heile året og tenker det kanskje er fleire der ute som har det slik??
I tillegg så har eg lyst til å kjøpe meir kortreist og er villig til å justere litt kva råvarer eg putter i korga alt etter kva som er produsert i Norge. Samtidig så klarer ikkje mitt matglade hjerte å kutte ut frukter frå utlandet når dei er på sitt beste, så litt internasjonale innslag i handlekorga på toppen av sesongen må vere lov.

Så då lurer eg bare på om du òg har lyst på litt SESONGKUNNSKAP?? Skal eg dele litt kvar måned om kva norske råvarer ein kan finne og kva importvarer det kan vere verdt å skeie ut med??

JANUAR/FEBRUAR feks er det faktisk fortsatt mykje gode norske grønnsaker å finne i daglegvaren, slik som:

- Kål i ulike varianter
- Gulrot
- Salater (ikkje i sesong, frå drivhus)
- Urter (ikkje i sesong, drivhus)
- Agurk (ikkje i sesongen, drivhus)
- Purre (visste du at den tåler norsk vinter??)
- Pastinakk (også en vinterhelt!!)
- Løk
- Sellerirot
- Persillerot
- Grønkål
- Rosenkål (vinterhelt🦸🏼‍♀️)
- Rødbeter og andre beter
- Potet (som vi er omtrent sjølvforsynt på om vi vil😉)
- Jordskokk (en fantastisk vinterhelt som dessverre er lite tilgang på, men spør i butikken din så kanskje vi kan endre på det💪)

- og så er der importert snaks ein kanskje ikkje vil gå glipp av fordi det er sååå godt akkurat no:

🏳️‍🌈 Appelsin (sitrusfrukter generelt)
🏳️‍🌈 Blodappelsin (Obs! Kort sesong!)
🏳️‍🌈 Granateple

Mars

Ny måned nye muligheter for å plukke med seg råvarer i sesong 💪

Det er framleis for kaldt til at der er mykje "nye" kortreiste grønnsaker, men løk, potet, kål og rotgrønnsaker er så lagringsdyktige at dei framleis er å finne i butikken med norsk flagg 🇳🇴 🇳🇴 🇳🇴

I tillegg har du råvarer dyrka i veksthus slik som tomat, salater og urter som er tilgjengelig året rundt. Om du stusser på at desse har vorte dyrare i det siste så har det ei naturleg forklaring; det er som alle har merka dyrt med straum og då vil det verte mykje dyrare å dyrke mat i drivhus dessverre.

Så har vi det ein finn i butikken som ikkje akkurat er kortreist. Då ville eg prioritert det som er i sesong der òg slik som sitrusfrikter og granateple som er skikkelig gode for tida! Og det gir ein god boost av vitaminer til oss vintertrøtte her i nord.

Til slutt så må eg minne om at det er i dei kalde månadane at sjømaten er aller best, skreien er framleis i sesong og skalldyra er såå gode no! Så ta det med når du skal lage deg handleliste, og eg anbefaler virkelig å finne ein lokal fiskar som kan bringe deg det ferskaste av det ferske😍 Sjøkreps og blåskjell no altså ohlala🤩

Bur du ved kysten så leit etter fiskarar som har salg frå kaikanten, undersøk i Reko-ringane rundtom i landet eller gå til nærmaste fiskehandler om du har mulighet til å gjere det. Då har du sjansen til å få uvurderlig kunnskap på kjøpet og mest sannsynleg ein mykje ferskare fisk en den som er vakuumpakka og/eller frysaren på kjedebutikkane.

Så til månades tipsliste:
- Jordskokk (seriøst undervurdert og tåler å ligge i jorda over vinteren!)
🇳🇴 Potet
🇳🇴 Kålrot
🇳🇴 Sellerirot
🇳🇴 Pastinakk
🇳🇴 Persillerot
🇳🇴 Løk i ulike variantar
🇳🇴 Kål; kvit, raud og grøn
🇳🇴 Beter i alle fargar
🇳🇴 Salater
🇳🇴 Urter
🇳🇴 Tomat
🇳🇴 Reddik (har begynt å komme enkelte stader)

🏳️‍🌈 Sitron
🏳️‍🌈 Appelsin
🏳️‍🌈 Grapefrukt
🏳️‍🌈 Granateple

April

Ny måned=ny mulighet for å friske opp kunnskapen kring kva ein får tak i av lokalt grønfor og kva som er ekstra godt😉

For kva kan man ete meir av i april om man vil leve med sesongane?? Jo no skal du høyre;

Vi har litt lagringsgrønnsaker att i butikkane enno, siste rest frå i haust, slik som ulike kålvekster, rotgrønsaker, poteter og løk. Merk at det no kan vere tomt for enkelte ting i enkelte butikkar, for vi er inne i det såkalla "sultne gapet". Altså vinterlagra mat går tomt og det er for tidlig med hausting av dei nye plantene. Så då får vi bare gjere tilpassingar.

Den kanskje beste tilpassinga kan jo vere å begi seg ut på bruk av spiselige ville vekster feks😁 Gratis mat proppfull med vitaminer og mineraler har begynt å kome opp av jorda no, og ein kan lage mykje godt mat av slikt!

Ellers så er vi med kjøkkenhage som tenker heilårlig sjølvforsyning heldige som kan framleis hauste frostbestandinge godsaker som jordskokk, grønnkål, purreløk og pastinakk feks😍 og urtene har òg begynt å vekse🌱

Hotteste sesongtips no er:
🇧🇻Jordskokk
🇧🇻 Purre
🇧🇻 Løk i ulike varianter
🇧🇻 Kålrot
🇧🇻 Sellerirot
🇧🇻 Beter
🇧🇻 Pastinakk
🇧🇻 Potet
🇧🇻 Kål
🇧🇻 Grønnkål
🇧🇻 Urter og salater
🇧🇻 Tomat
🇧🇻 Reddik
🇧🇻 Asparges skal komme så følg med!

🌈 Asparges (anbefaler frå 🇨🇵🇮🇹 evt den kvite frå 🇩🇪😍)

Og sankesnaks som titter fram slik som desse 4 som mange kjenner godt til:
🌱 Løvetann
🌱 Skvallerkål
🌱 Brennesle (supermat og vitaminbombe!)
🌱 Marikåpe

Så no er det bare å nyte alt det gode man jo faktisk kan få tak i, og gjerne dropp den kjipe vannmelonen eg observerte i stort kvanta på butikken tidligare denne veka😘

Og kva med å prøve deg på litt flyndrefisk i april? Rødspette eller villkveite om du får tak i🤩 Sjukt godt grilla heil med hode og det heile; im just saying!! 58° kjernetemp🤤

Mai

Då var det plutselig på tide med meir påfyll i kva som er digg å ete akkurat no:-)

No har jo våren komt for fullt, i allefall her på vestlandet, og ein kan allereie sjå at der er betre utval i butikkane av norske råvarer, endå det framleis er litt midt i mellom siste lagringsrest og ny sesong.

Men akk så digg det er med det som er komt. No kan ein begynne å få tak i asparges, reddikar, neper, agurk, tomat og eit meir variert utval på urte og salatfronten. Jordskokken er framleis heilt nydelig og der er siste rest av dei langringsdyktige rotgrønnsakene. Og så potetene da. Vi må ikkje gløyme at vi har blitt redda av poteta mang ein gang, og der verkar bli meir fokus på ulike artar, former, fasonger, bruksområder og ikkje minst smakar på denne enkle knollen no, så bli med meg og ta den litt tilbake!

Og kjøp endelig norske småpoteter istadenfor importerte amandine poteter frå Frankrike om du har mulighet til det! Dei smakar mykje betre, er med på å gi oss eit betre og breiare tilbud på norske råvarer, og du er med på å bekjempe matsvinn. For desse minipotetene har i årtier no vorte kasta på jordet fordi dei ikkje passar inn i det formatet som er definert som "Norsk Standard". Samstundes så har vi altså begynt å importere småpotet frå middelhavsland... Er ikkje det bare tull???

Men tilbake til sesonganbefalingane for denne månaden da før eg tar heilt av i kampen mot "matsløsing i system" ;-)

🇳🇴 Jordskokk (siste rest før spiring)
🇧🇻 Asparges
🇧🇻 Løk i ulike varianter
🇧🇻 Kålrot
🇧🇻 Nepe
🇧🇻 Beter
🇧🇻 Ruccula
🇧🇻 Potet
🇧🇻 Nykål/tidligkål
🇧🇻 Agurk
🇧🇻 Urter og salater
🇧🇻 Tomat
🇧🇻 Reddik

🐟På sjøfronten så har mellom anna makrellen begynt å dukke opp, og det er absolutt ein fisk vi burde spist sååå mykje meir av! Anbefala saltbaking på lav temperatur, og steiketermometer slik at du kan stoppe steikinga på perfekt temperatur! Då vert smaken mildare sidan feittet får mildare behandling, fisken blir silkemjuk og digg, og du slepp at heile huset stinkar fisk;-)

🍀Og så har vi alle dei ville vekstene som struttar no:-D Om du ikkje har lyst til å bare hive deg ut i det på eiga hand så meld deg på på sanketur med meg da!

juni

Juni har vore kaotisk for meg men no var det jaggu på tide med litt sesonginspirasjon for den hærlege måneden vi er inne i!⁠
Har du lagt merke til at der er komt mykje freshe norske grønnsaker i butikken allereie?? Her er i allefall ein liten haug som eg anbefaler å sjå etter no: ⁠

🇧🇻Asparges⁠
🇧🇻Nykål (YUM! og supersunt😍)⁠
🇧🇻Vårløk⁠
🇧🇻Blomkål⁠
🇧🇻Neper⁠
🇧🇻Potet⁠
🇧🇻Salater⁠
🇧🇻Urter⁠
🇧🇻Reddik⁠
🇧🇻Sellerirot⁠
🇧🇻Beter⁠
🇧🇻Gulrot⁠
🇧🇻Løk⁠
🇧🇻Tomat⁠
🇧🇻Agurk⁠
🇧🇻Squash⁠
🇧🇻Spinat⁠
🇧🇻Rabarbra⁠
🇧🇻Jordbær⁠
🇧🇻Moreller⁠
-hugs å spørre i butikken om det norske ikkje er komt inn enno; forbrukermakt er til for å brukes👊

Så må vi jo ta med litt importsnacks der vi er i starten på sesongen;⁠
🏳️‍🌈Nektarin⁠
🏳️‍🌈Melon⁠
🏳️‍🌈Fersken⁠

Og så er der jo et heilt festbord rett uttafor døra med spiselege ville vekster! Siste rest av vår kan sankes og første blomstrande sommervekstene er klare f.eks:⁠

🍀Nyperose (alle roser er spiselige;-)⁠
🍀Fioler⁠
🍀Engsyre⁠
🍀Honningknoppurt⁠
🍀Granskudd⁠
🍀Geitrams⁠
🍀Marikåpe⁠
🍀Brennesle⁠

Til slutt må vi hugse fisken! Har du prøvd LYSING før?? Sjukt god; anbefales🤤 og MAKRELLEN er komt og det er ein fisk vi bør spise meir av!! Den er en rovfisk som gjerne stjeler terreng frå andre fiskeslag som torsk og sei. Så her må vi fiske nok og ete meir for god forvaltning av havressursane våre. Ellers så set vi att med kun makrell i garnet😉 Gi en lyd om du treng inspirasjon til bruk😘

Juli

Shit! I sommerferierus så gløymte eg nestan denne månadens dose😅 Men fortvil ei; her kjem insidetipsa for kva ein skal sjå etter i butikken og ute i naturen i JULI 😎

Den norske grønnsaks sesongen er godt igang, så om du ser at der er mykje som manglar i nærbutikken din så hugs at forbrukarmakta kun fungerer dersom vi hugsar å spørje etter det vi vil ha i butikkane;-) For no skal fråtsinga kunne begynne🤩

🇳🇴 Nykål
🇳🇴 Nypotet
🇳🇴 Stangselleri
🇳🇴 Blomkål
🇳🇴 Brokkoli
🇳🇴 Vårløk
🇳🇴 Gulrot (snart i allefall)
🇳🇴 Squash
🇳🇴 Sukkererter og andre bønner
🇳🇴 Fenikkel
🇳🇴 Agurk
🇳🇴 Tomat
🇳🇴 Salater
🇳🇴 Urter
🇳🇴 Reddik
🇳🇴 Nepe
🇳🇴 Løk
🇳🇴 Beter

🇳🇴 Jordbær
🇳🇴 Bringebær
🇳🇴 Stikkelsbær
🇳🇴 Rips
🇳🇴 Solbær
🇳🇴 Blåbær
🇳🇴 Multer

🇳🇴/🏳️‍🌈 Moreller (norske er kanskje ikkje tilgjengelig over heile landet)
🏳️‍🌈 Vannmelon
🏳️‍🌈 Nektarin
🏳️‍🌈 Fersken

🍀 Geitrams
🍀 Roser
🍀 Hylleblomst
🍀 Mjødurt
🍀 Fioler
🍀 Skvallerkål
🍀 Tunbalderbrå

Som dykk ser er der mykje lokalt og berekraftig å finne i butikk og natur, samt noko frukt som er så god no at ein kan unne seg litt snacks. Det meste av bær nærmar seg modne så no må vi bare komme oss ut i lyng og hei, akkurat slik som var vanleg å gjere før i tida!

Visste du forresten at NSB satt opp egne tog ut til bærterreng for bærplukkarar i etterkrigstida?? Godstog fulle med håpefulle sankarar som ville ut og hauste av supermaten der ute, i ei tid der ein måtte nytte alt ein kunne. Tenk visst vi kunne ta like godt vare på alle ressursane rundt oss no òg, sjølv om nøden ikkje er så stor☘️☘️☘️

På ville vekster fronten så er der ikkje bare bær men mykje planter som blomstrar der ute, og kva er vel betre enn litt hylleblomstsaft, mjøsurtsukker eller knall rosa eddik smaksatt med nyperose, for å forlenge sommeren til resten av året??
Ha en god og smaksrik sommer!



August

No skyter høgsesongen fart og der er såååå mykje digg å få tak i Her er snopeliste for august. Genialt å bruke slike lister som inspirasjon når ein lurer på kva ein skal handle til middag

Nykål (sjukt digg rå som salatbase!)
Nypotet
Stangselleri
Blomkål
Brokkoli
Vårløk
Gulrot
Beter i ulike variasjoner
Squash
Sukkererter og andre bønner
Fenikkel
Agurk
Tomat
Salater
Urter
Reddik
Nepe
Løk (og løkblomer i hagen)
Beter

Jordbær
Bringebær
Stikkelsbær
Rips
Solbær
Blåbær
Multer
Tyttebær
Moreller
Plommer

Melon
Nektarin

Geitrams (lag saft eller te)
Mjødurt
Fioler
Tunbalderbrå (smakar ananas!)
Krekling
Sopp (kantareller, steinsopp, piggsopp feks)

No er der såå mykje gøy gratis mat der ute i form av bær, blomer og vekster. Desse eg har nevnt er bare nokre få egentlig Så kom dykk ut og plukk! Det bugner av ville bær i år så kjapp deg no før dei blir tatt av andre
Sjekk dessutan ut diverse grupper på Facebook der ein inviteres til sjølvplukk i andres hager "Gratis frukt og bær i Bergen" feks. Supert initiativ der man kan legge ut bær og frukt ein ikkje får nytta sjølv; kjempe populært!!

Og en skikkelig våt sommer har før til det som ser ut som en strålende soppsesong; og den har starta allereie Sjekk ut Soppforeninga dersom du vil ha hjelp til å bli trygg på sopptur. Dei har både kurs og enkle kontroller ila sesongen; anbefales! I Bergen har dei turar nestan kvar helg i ulike bydelar heile sesongen, der ein kan få kontrollert soppen før ein tar den med heim.

September

Årets første haustmånad er i gang og det er på tide å fylle på med råvarekunnskap!
No er vi i høgsesongen og no er der mykje digg i butikkane og på åkeren.
Her er snopeliste for september:


Kål i masse ulike variantar (tips: gir ein mykje meir mettande salat enn salatblader;-))
Kålrot
Potet (kva med å prøve å lære seg potetsortar igjen; kva liker du best??)
Stangselleri
Blomkål
Brokkoli
Vårløk
Gulrot i alle mulige fargar
Beter i ulike fargar
Squash (Både gul og grøn)
Erter og andre bønner
Fenikkel
Agurk
Tomat
Salater
Urter
Nepe
Løk (og løkblomer i hagen)
Pastinakk
Persillerot
Purreløk
Gresskar (starten på sesongen, blir meir etterkvart)

Epler
Plommer
Bringebær (finn framleis ville der ute!)
Bjørnebær
Moreller (siste rest)
Pærer

Nyper
Einebær
Ryllik
Krekling (ufortjent lite brukt, skikkelig saftige og gode bær)
Sopp (kantareller, steinsopp, piggsopp feks)

Kom deg på fjellet og moms i deg siste rest av ville bær, gå i butikken og fråts i norske rotgrønnsaker og sesongens epler og pærer, og nyt siste rest frå kjøkkenhagen før det vert tid for tørking av urter, konservering av grønt og avslutning av årets dyrkesesong.

Hugs for all del å ta deg ein tur i skogen og sjekk ut all den flotte soppen som har komt!

Oktober

Det er ikkje utan grun at årstida no heiter haust, og oktober er full av masse digg kortreist frukt og grønt her oppe i nord. Epler, rotgrønnsaker, sopp og alt mulig anna digg.

Her er snopeliste for oktober - kanskje endar du opp med noko nytt til middagen om du tar ein titt på denne når du står i grønsaksdisken??

Kål i masse ulike variantar (lagar dei beste salatane veit du;-)
Kålrot
Potet (kan du forskjellen på melne og kokefaste poteter egentlig?)
Stangselleri
Blomkål
Brokkoli
Knutekål
Gulrot i alle mulige fargar
Beter i ulike fargar
Squash
Erter og andre bønner
Fenikkel
Agurk
Tomat
Salater
Urter
Nepe
Løk
Pastinakk
Persillerot
Purreløk
Gresskar (hugs at halloween gresskaret òg kan brukast som mat!)

Epler (verdens beste!)
Tyttebær
Pærer

Nyper (C-vitamin bombe!)
Einebær
Sopp Sopp Sopp (bli med soppforeninga på tur og test soppkontroll appen;-))

Hausten er altså virkelig komen og no skal vi nok kjenne det på temperatur og ver òg. Men det er jo perfekt tid for å kose seg inne på kjøkkenet med slike gode råvarer. Her i huset er det i allefall tid for for tørking av urter, konservering av grønt og avslutning av årets dyrkesesong.

La du merke til dei som ha snikt seg inn på denne månadens sesongkalender?? Eg måtte bare ta med krabbene for dei er såååå gode no!! Og det kan vere ganske rimelig luksusmat, og skikkelig digg spør du meg. Der er grupper på facebook for direktesal av sjømat, og der får ein gode priser på nydelige krabber

Ha en strålandes smaksrik oktober alle sammen!

November

Hausten er i aller høgaste grad her, og kva passer betre då enn å kose seg inne med litt digg heimelaga mat med kortreiste råvarer?

Ei varmande krema potet og sellerirotsuppe toppa med litt grilla kål, purreløk og eplebitar kanskje??

Snopeliste for november:

Kål i masse ulike fargar og former(lagar dei beste, mest næringsrike salatane veit du;-)
Kålrot
Potet (ikkje testa ut smashed potatoes enno??)
Grønnkål
Jordskokk
Kinakål (sjukt god varmebehandla så ikkje bare egna til ein retro salat;-)
Stangselleri
Knutekål
Gulrot i alle mulige fargar
Beter i ulike fargar
Agurk
Tomat
Salater
Urter
Løk
Pastinakk
Persillerot
Purreløk
Gresskar (hugs at halloween gresskaret òg kan brukast som mat!)
Epler (verdens beste!)

Einebær
Sopp Sopp Sopp; masse fin traktkantarell ute i Bergensområdet no i alle fall!

Er du like smart som meg og har egne jordskokk i hagen, så har du no muligheten til å ta opp litt jordskokk no før det vert tele i jorda og/eller vente til over nyttår fram mot mars når frosten har gått. Då har faktisk knollen blitt søtare til og med, då den har innulin som fungerer som ei slags fryseveske, og omdanner stivelse til sukker, samt regulerer blodsukker og gjer at jordskokk kan vere en god grønnsak for diabetikere feks

Andre lure grønnsaker for å ha sjølvforsyning heile året er grønnkål, rosenkål og pastinakk som alle blir bare betre at å bli "vinterlagra" på åkeren! Bare nemnar det;-)

Desember

No i julemånaden så er det tre viktige kategoriar du kan bite deg merke i; nemleg
KÅL
ROTFRUKTER
SITRUS

Ei veldig grov inndeling for det du finn i butikkane no, og som eg verkeleg anbefaler deg å nyte i denne kalde fine tida.

- Lag din egen surkål/rødkål til jul; det er virkelig tusen gangar betre!

- Lag varmande supper på digge rotgrønnsaker; gulrot+appelsin+kokosmelk = (og billig luksus)

- Klementin + advent = need I say more??

For det er faktisk no i vintermånedane det er aller best med sitrusfrukter og granateple. Så om du er engstelig for å prøve deg på eit granateple fordi det er så kjipt dersom den ikkje er god, så er det no du skal teste!
For dei er ikkje like god midt på sommeren faktisk. Det er heller ikkje sitrusfrukta sjølv om dei finnes i butikken.
På samme måte som at jordbæra du kan kjøpe no i desember ikkje egentlig smaker jordbær, og dermed som regel dessverre er både dyr og skuffandes:-p

Så mi anbefaling er å kjøpe i sesong, både det som er norsk men og det som vi må importere.

Her kjem lista for desember så det er bare å LAGRE til du skal på butikken

Kål i masse ulike fargar og former (lagar dei beste, mest næringsrike salatane veit du;-)
Kålrot
Potet (det finns sååå mange ulike sortar som smakar veldig forskjellig)
Grønnkål
Jordskokk
Kinakål (sjukt god varmebehandla så ikkje bare egna til ein retro salat;-)
Stangselleri
Knutekål
Gulrot i alle mulige fargar
Beter i ulike fargar
Agurk
Tomat
Salater
Urter
Løk
Pastinakk
Persillerot
Purreløk
Sellerirot
Epler (verdens beste er framleis tilgjengelig; særlig på Bondens marked Norge feks.)

Klementiner
Appelsin (starten på sesongen)
Granateple

Ha det ikkje vore kjekt dersom slike oversikter over kva som er digg akkurat no, kunne hengt på veggen i daglegvarebutikken? Bare slik at dei som vil kan ta ein titt for litt inspirasjon på kva ein skal putte i korga??

Så kanskje vi finn ut at vi ikkje egentlig treng friske jordbær på julaftan som ikkje smaker noko, men kan bruke norske frosne istaden feks.

Det drømmer i allefall eg om, for eg trur faktisk at livet var litt finare før når vi gjekk å gleda oss til vannmelonen kom i butikk midt på sommeren, til første jordbæra kom i slutten av mai og til appelsinen kom i vintermånedane. Tenk så magisk da; når alt var skikkelig modent og smakfullt!