Anne Lill stene

/// Fagbrev /// Mesterbrev /// fagteknikar innan lokal matkultur ///


Med utgangspunkt i sesongens beste råvarer lagar eg måltid som gjer grå kontorlokale fargerike og festar smakfulle. Stene Matglede er bygga på filosofien om at mat er mykje meir enn næring. Eg ynskjer å formidle gleda ved matlaging gjennom gode måltider som er til for å nytes.

Stene Matglede er mitt frilansprosjekt som eg har starta i 2013 rett og slett fordi eg elskar å lage mat. Frå januar 2021 så har eg endelig tatt steget ut og satsar 100% på mi lille bedrift!

Med fagbrev og mesterbrev som kokk  har eg no arbeid i serveringsbransja i over 16 år. I tillegg har eg teke ein bachelor i italiensk språk ved Universitetet i Bergen og studert fleire semester i Italia.

Eg forelska meg i italiensk mat- og nytelsesfilosofi, noko eg syns vi bryr oss for lite om i Norge. Der nede stiller ein klokka etter måltida og gamlemor på kjøkkenet, ein nyt gjerne tre retter i lunsjpausa og tek helst eit glass vin med litt snacks på vei heim for å kle seg om til middag. Mat er religion og la nonna (bestemor) er gudinna! Det viktigaste i livet er å ta ting som dei kjøm, stresse ned og hugse på å nyte kvar dag med enkel og ujålete, men fantastisk god mat. Og sjølvsagt eit glass fyldig rødvin.

I 2018 starta eg på meir gastronomiutdanning, nemlig eit treårig nett- og samlingsbasert studium i Lokal Matkultur ved Fagskolen i Hordaland. Med studiestad på Hjeltnes i Ulvik i Hardanger har eg nytt seks veker i året der inne på samlinger fullstappa med matnerderi. Der fekk vi masse ny kunnskap og erfaringer rundt mat og matkultur. Alt frå soppturer, lefsebakst, bedriftsbesøk og diskusjoner rundt bærekraft og matsvinn. Og no set eg att med eit strålande vitnemål som Fagteknikar innan Lokal Matkultur!

I mai 2021 så vant eg Matredderprisen frå Q-meieriene og det var utruleg stas at mitt bidrag mot matsvinn vert premiert på slikt vis! I begrunnelsen frå juryen sto det: “Kreativ, dyktig, innovativ, sprek og munter. Dette er superlativer som forteller hvem som er månedens Matredder. Du har kanskje sett henne syklende rundt i Bergen Sentrum? Hun redder overskuddsmat og tryller den om til fantastisk lunsj som gir stor matglede til alle som bestiller Lunsj på hjul. Vi gratulerer Anne Lill Stene frå Stene Matglede!”.

Å kunne bidra til at det vert kasta mindre mat her i verda og å kanskje inspirere andre på vegen er nok det som er kjekkast med å drive eiga bedrift, og eg bare elskar å jobbe slik!

Mat kan vere så mykje meir enn ein trur her oppe i det kalde nord. Vi har tilgang på fantastiske råvarer som vi dessverre ikkje er så flinke til å utnytte. Men med nokre gode idear kan vi prøve å skape litt magi i kvardagen og gjere den om til ein fest!

IMG_8581.JPG

Frå Stene Matglede sitt første oppdrag; eit nydelig bryllaup i fjøresteinane i Lofoten


https://www.etablerersenteret.no/manedens-bedrift/grone-vibbar-kledd-i-kult

EG VAR SÅ HELDIG Å BLI MÅNEDENS BEDRIFT HOS ETABLERERSENTERET I SEPTEMBER 2023 :-)


Screenshot_20190826-224848.png

urtulig kjekt å få lage mat i selskap heime hos folk!

vitnemål (2).jpg
 

omtaler

Design uten navn.png

https://www.bt.no/kultur/i/GawrL4/kortreist-snarvei-til-lunsj

strålende anmeldelse i Bergens Tidende 06.03.21

Intervju om sanking av ville vekster i Bergens Tidende og andre Schibsted aviser 22.04.21

https://www.bt.no/btmagasinet/i/kEpodk/middag-for-slunkne-lommeboeker

Middag for slunkne lommebøker - Du kan finne mine oppskrifter i Bergens tidende Magasinet 26.01.23 :-)

Nordre 15.08.19.jpg

Intervju i Nordre 15.08.19

IMG_20161031_123404.jpg

Frå ein flott Vin og vilt kveld i Langegården i samarbeid med Pievino hausten 2016

received_1001556903367263 (1).jpeg

Freser rundt i Bergen med lunsj til folket!

Rett Mestermerke 2016.jpg

registret kokkmester

 

https://www.q-meieriene.no/nyheter/syklende-kokk-vant-matredderprisen

vinner av matredderprisen 12.05.21


BA 070719.jpg

Intervju i Bergensavisen 09.07.19


Nordre 21.02.17.jpg

Intervju i Nordre 21.02.17


Intervju om granskuddsanking i Opptur på NRKP1 30.05.19: https://radio.nrk.no/program/dvfj01011019

IMG_20181230_204317_836.jpg

veldig gøy å få grille geit til oppdrag hos Lystgården på landås og!

Eg vant Q-Meierienes Matredderpris Mai 2021!!


Aftenposten+juni+2019.jpg

Intervju i bilag til Aftenposten juni 2019


 

 

Intervju med Polardrikk 22.02.17: https://www.polardrikk.no/min-forste-kaffekopp-10/


 

Intervju Nordre 24.06.17