Tilbake til alle arrangementer

Inspirasjonskveld: Vinterbading

  • Stene Matglede AS 26 Rogagaten Bergen, Vestland, 5055 Norway (kart)

(klikk på bildet for påmelding;-)

Har du leika med tanken om å starte med vinterbading? Eller har du kanskje vore heilårsbader ei stund allereie? Manglar du nokon å bade med? Eller lurer du på noko ang dette med helsefordelar?

21. november inviterer Stene Matglede til inspirasjonskveld for VINTERBADING på Støvå PopUp i Rogagaten 26, kl 18-20.

Vi startar med litt rykende fersk forskning rett frå Høgskulen på Vestlandet! Ann-Katrin Grotle er ein av forskerane som i desse dagar gjer eit djupdykk i verkningane av kalde bad og badstu, og vil no dele litt av det dei har funne ut med oss.

Så får vi òg besøk frå Voss; Synnøve Balabanian - gründerinna bak S.B. Swimwear. Ho skreddarsyr ullbadetøy av overskuddstekstilar, samt tilbehør som badeponchoar av hotellhandukar og ullraggar med skinnforsterkningar. Ho vil fortelle litt om konseptet, gründerreisa, fokuset på berekraft og ikkje minst ha showroom/butikk etterpå for dei som vil sjå, handle eller kanskje finne noko å setje på ønskelista si til jul;-)

Vi har i tillegg invitert med Cecilie frå Badeklubben ved Godt Brød på Fløttmansplassen, som vil dele litt om klubben, korleis den starta, korleis ein kan få vere med og ikkje minst kor kjekt og sosialt det er!

Så kjem det kanskje eit par overraskelsar som vi vil dele når dei er i boks;-)

Stene Matglede sørger for litt småmat som passer til mingling etter programmet er over. Dette er inkludert i billetten, og for å unngå matsvinn så er det bindande påmelding på mail til stova@stenematglede.no eller bare klikk her: https://www.stenematglede.com/pmelding-eventer

Billett kostar 100 kr pr pers, 50 kr for studentar/honnør

Totalt 20 plasser; første person til mølla!

Tidligere arrangement: 18. oktober
Matkurs: Italiensk aften på norsk
Senere arrangement: 27. november
Flor Pop-up butikk, føredrag & kortreist minglemat!